Europeisering av nordisk tingsrett?

Författare

  • Kåre Lilleholt Författare

Abstract

Nordisk tingsrett og Europa 

I denne artikkelen skal vi sjå litt nærare på kor stor avstanden er mellom dei nordiske reglane om overgang av rett til lausøyreting og dei tilsvarande reglane i kontinental europeisk rett. Dei kontinentale reglane skal få vera representerte gjennom den sams referanseramma for europeisk privatrett (Draft Common Frame of Reference, DCFR), som byggjer på terminologi og systematikk som i hovudsak svarar til den vi finn på kontinentet. Kva ville konsekvensane blir av ei gjennomføring av reglane i DCFR? Vi skal sjå at avstanden til nordisk rett kanskje ikkje er så stor som vi somtid kan få inntrykk av.

Arbeidet med DCFR har ført til eit nytt ordskifte om den nordiske tingsretten (sakrätten). Diskusjonane var friske i Study Group on a European Civil Code (som førebudde dei aktuelle delane av DCFR) og kanskje litt meir uhøgtidlege og respektlause enn alle sette pris på. Vi har dessutan fått doktoravhandlingar, studentavhandlingar, bokkapittel og ei mengd med artiklar om emnet, og da spesielt om spørsmåla kring rettsovergangen for lausøyreting.

DCFR er resultatet av eit samarbeid mellom juristar frå dei fleste landa i Europa, dei nordiske landa medrekna (med eit unntak for Island). Tanken var å formulere modellreglar som kan vera akseptable på tvers av landegrensene. Samtidig er modellreglane nettopp ei referanseramme som gjer det enklare å drøfte og samanlikne dei nasjonale reglane. Det er ikkje tale om ein «kjerne» (common core) av europeisk rett eller ei form for restatement etter amerikansk mønster. Tingsretten er inkludert i form av reglar om overføring av eigedomsrett til lausøyreting og dessutan reglar om etablering av sikringsrettar i lausøyre og reglar om overføring av krav på yting.

Nedladdningar

Publicerad

2019-01-01

Nummer

Sektion

Festskrift till Göran Millqvist